Kultur |
|
«So gale at da gaula»Dei gjorde stor lukke med «Sommargalen i Røyksundkanalen» tidleg på 2000-talet. No går Bømlo revylag attende til røtene og set opp sin første nyskrivne sommarrevy på åtte år. I vinter, kulde og snø sit revylaget i tenkeboksen og skriv sketsjar som skal framførast i midtsommarrevyen «So gale at da gaula».
VINTERLEG PÅ SOMMARSCENA: Det er lov å håpe på like godt vêr, men gjerne 30 grader varmare, når Bømlo revylag inviterer til ny sommarrevy i Kulleseidkanalen gjestehamn. Premiere blir fredag 11. juni. I snøen ser me frå venstre: Kurt I. Larsen, Finn M. Daynes, Åge Stokken, Marianne Grønnevik og Anette Solstrand. Revyane til Bømlo revylag har vore populære. Ikkje minst gjorde revylaget stor lukke med førestillinga «Bort i staur og veggje» i Bømlo kulturhus i 2007. Men også førestillingar som «Pittelitt Rongepådl» og «Absolutt Revy» var populære. I fjor kom mange av høgdepunkta frå ni år med revy på CD og DVD. For Bømlo revylag starta det heile med sommarrevyen «Sommargalen i Røyksundkanalen» i 2001. Året etter fulgte revylaget opp med «Sommargalen i Røyksundkanalen 2 - Galskapen held fram». No går altså revylaget på sett og vis attende til røtene. Til sommaren set revylaget nemleg opp sin første nyskrivne sommarrevy sidan tidleg på 2000-talet. Rett nok inviterte revylaget til «Sommarvarieté» ved Kulleseidkanalen i 2008. Men den gong vart det presentert høgdepunkt frå tidlegare førestillingar. Sommaren 2010 vil alle sketsjar vere splitter nye. Namnet på årets sommarrevy blir «So gale at da gaula». I går inviterte revylaget til pressekonferanse i gamlebanken ved Kulleseidkanalen for å fortelje om den nye revyen. Allsong og dans Her sa Kurt Inge Larsen at revylaget starta opp arbeidet med den nye revyen like over nyttår. No er avtale inngått med eigar av scena i Kulleseidkanalen gjestehamn, bandet er på plass, datoane er fastsette og kokk engasjert. No manglar det eigentleg berre ferdigskrivne tekstar, øving og eit godt publikum ved kanalen. Så langt ligg mellom 60 og 70 idéar på skrivebordet. Mange av dei vil bli forkasta utover våren. Andre vil bli sette saman til sketsjar og foredla fram mot premiere 11. juni. Det blir i alt seks førestillingar denne helga og dei påfølgjande to helgane. Det er berre 140 billettar til kvar førestilling, så ein rekner med at det blir rift om desse. Men blir det utseld vil det kunne vere aktuelt med ekstraførestillingar. Musikken er det Pallebandet som står for, med Frode Sæverud, Arvid Mikkelsen, Bjørn Løkling, og Knut Erik Gilje. Dei skal spele både under førestillinga og etterpå. Etter førestillinga blir det nemleg dans. - Dette er eit band som virkeleg inviterer til allsong, seier Larsen. I tillegg til Pallebandet kan det bli invitert gjesteartistar. Kven dette blir er ikkje klart. Rubbveg og badeland Revylaget fortel at det blir invitert til ein heilaften i gjestehamna til sommaren. Kokken som er leigd inn heiter Jan Hustoft. Han var tidlegare kjøkkensjef på Sunnhordland hotell. Så dei som ønskjer eit godt måltid mat til revyen skal få høve til det. Hustoft skal lage ein eigen revymeny for høvet. Kva denne menyen vil bestå av er ikkje klart enda, og når det gjeld innhaldet i programmet på scena er det også mange lause trådar så langt. Larsen kan imidlertid lette litt på sløret. Han seier det er nokre tema som er vanskeleg å kome utanom. Det gjeld vegen til Rubbestadneset, eigedomsskatt og badeland i Hetlevik. Også kommunesamanslåing kan bli tema i revyen. Regissør Finn M. Daynes slår fast at dette blir ein ekte bømlarevy, men samstundes skal her vere poeng og tema som gjer at både fitjarbuar og stordabuar vil tykkje revyen er artig. - Det har skjedd mykje på Bømlo sidan me skreiv revy sist, seier Daynes med eit smil. Perfekt sommarplass Revylaget tykkjer Kulleseidkanalen gjestehamn er staden å vere når ein skal framføre sommarrevy. Etter «Sommarvarieté» i 2008 var difor førstevalet klart då ein skulle velje scene for årets nyskrivne sommarrevy. - Dette er ein perfekt stad å vere om sommaren. Midt mellom to gamle sjøhus. Det finst ikkje betre sommarplass, seier Larsen. Revylaget siktar høgt og har god tru på at revyen ved Kulleseidkanalen vil kunne ta opp kampen med sommarrevyane både på Stord og i Fitjar. Åge Stokken har spelt i revyar både på Stord og Bømlo. I år var valet lett. I sin nye jobb jobbar han turnus med tre veker på og tre veker av. Med revyen på Bømlo var det mogeleg å tilpasse øvingar og framføringar til friperiodane. Dette hadde ikkje vore mogeleg på Stord. No blir det altså skriving i vekene som kjem. På forsommaren blir det intensivøvingar, og så førestillingar i juni. - I kulturhuset hadde me mykje innspelt film som me nytta i førestillinga. Det blir det ikkje denne gongen. No går me attende til basic og til reine sketsjar. Me venter godt besøk. Me ligg fint til her ved Kanalen, ikkje minst for dei som vil kome sjøvegen, lokkar Larsen.
|
|
Nyheter
Publisert 03.09.2010 - 13:00
Berre to ferjer...Fjord1 melder at det i to veker framover berre vert to ferjer i trafikk i sambandet Halhjem - Sandvikvåg. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 29.08.2010 - 13:51
HytteslagsmålEin hyttetur på Moster i helga medførte trong for bistand frå politiet. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 29.08.2010 - 13:44
|
Nyheter
Publisert 29.08.2010 - 13:33
Forlatt bil med store skadarPolitiet fekk laurdag morgon melding om ein personbil som stod i grøftekanten ved Urangsvåg med store materielle skadar. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 28.08.2010 - 11:16
Stakk frå kollisjonNatt til laurdag stakk ein bilførar frå ein kollisjon som hadde skjedd i rundkøyringa i Rubbestadneset. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 25.08.2010 - 21:25
– Trur ikkje pengane var falskeNorges Bank trur ikkje pengane som Bømlo lensmannskontor har sendt vidare til Kripos for tekniske undersøkingar er falske. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 22.08.2010 - 16:46
Køyrde utfor og stakk avNatt til sundag køyrde ein bil av vegen på Totland. Den eller dei som var i bilen stakk deretter av. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 20.08.2010 - 17:33
Kollisjon mellom bil og mopedTorsdag kveld skjedde det ein kollisjon mellom bil og moped like ved bensinstasjonen på Svortland. Mopedføraren vart lettare skadd. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 20.08.2010 - 17:31
«Strikkeferje» på laurdagTide si ferje «Strandebarm» er for tida ute av drift grunna tekniske vanskar. Men reserveferja «Austrheim» trafikkerer Langevåg - Buavåg, og dermed vil «strikkeferja» gå som oppsett på laurdag! » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 16.08.2010 - 12:19
Langevåg - Buavåg stengtFerjesambandet Langevåg - Buavåg har vore stengd sidan sundag kveld. Dette grunna tekniske problem. Ny ferje vert sett inn i trafikk måndag ettermiddag. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 15.08.2010 - 12:46
Rusa mann stal bilEin 22 år gamal mann vart tidleg sundag morgon teken hand om av politiet. Dette etter at han i særs lite edru tilstand stal ein bil og kolliderte i andre bilar på ein parkeringsplass på Finnås. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 06.08.2010 - 15:29
Knepent tap i kvartfinalenBremnes/Rubb 1 junior herrer spela fredag føremiddag kvartfinale i Norway Cup, mot KFUM Oslo. Etter to omgonger og nesten to ekstraomgonger var stillinga uavgjort, 1-1. Men eit halvt minutt før slutten av den siste ekstraomgongen vart bømlingane slegne ut av eit «golden goal». » Les heile saka |
Politikk
Publisert 28.05.2010 - 10:17
Går inn for nybygg ved BUSRådmannen går no inn for at det skal byggjast heilt ny Bremnes ungdomsskule, på den same staden som skulen held til i dag. Dessutan at det skal vera skuledrift i eksisterande skule i byggjeperioden. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 05.08.2010 - 15:30
Vidare til kvartfinaleDet er berre eitt av laga frå Bømlo som framleis er med og spelar fotball i årets utgåve av Norway Cup. Bremnes/Rubb junior herrer er klare for kvartfinalespel! Med her er Guttorm Kallevåg (biletet). » Les heile saka |
Økonomi/næringsliv
Publisert 28.05.2010 - 11:44
Marknad på LyklingSundag 13. juni vil det verta skipa til marknad på kaien i Lyklingsjøen. Dette vert altså om to veker, og ikkje no førstkomande sundag... » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 05.08.2010 - 09:42
Fem til sjukehusFem personar vart køyrde med ambulansar til Stord sjukehus etter ei trafikkulukke ved Grøvle, like søraustom Stokkajuvtunnelen, onsdag føremiddag. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 13.07.2010 - 11:20
17 åring køyrde bil i stor fartEin 17 åring køyrde seint måndag kveld ein uregistrert personbil i særs stor fart. Han stoppa ikkje for politiet, som køyrde etter han på fylkesveg 541 frå Sakseid til Langevåg. Undervegs køyrde han inn i ein sivil politibil. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 11.07.2010 - 12:35
Ampert på SvortlandNatt til sundag var det heller amper stemning på Svortland, i følgje politiet. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 11.07.2010 - 00:01
For fort i FoldrøyLaurdag ettermiddag hadde politiet fartskontroll i Foldrøy. Fire køyrde for fort. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 08.07.2010 - 22:34
Døydde etter drukningsulukkeDen nitten år gamle mannen døydde torsdag ettermiddag etter drukningsulukka på Moster tidlegare på dagen. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 08.07.2010 - 13:46
Drukningsulukke på MosterEin nitten år gamal mann er teken opp av vatnet ved badeplassen på Dahlaneset på Moster. Livredding går føre seg, og store redningsstyrkar er på veg. Han er fóke med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus. » Les heile saka |
|
Nyheter
Publisert 06.07.2010 - 13:39
Fjerde gassdrivne supplyskipBømlo-reiarlaget Eidesvik Offshore ASA er leiande i verda når det gjeld gassdrivne skip. Miljøsatsinga held fram, og i dag vart det klart at selskapet har tinga det fjerde gassdrivne supplyskipet sitt. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 05.07.2010 - 10:23
Innbrot i bustadhusNatt til måndag fekk politiet melding om innbrot i eit bustadhus i Urangsvåg. Politiet er usikker på kva som har skjedd. » Les heile saka |
Politikk
Publisert 05.03.2010 - 11:19
Butikk ved Moster skule?I neste veke skal utval for areal og samferdsel handsama ein søknad som gjeld etablering av daglegvarebutikk ved riksvegen like sørom Moster skule. Rådmannen meiner saka må vurderast i samband med kommuneplanen. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 03.07.2010 - 19:43
Nytt skip til EidesvikFredag 2. juli var det stor festivitas i Ulsteinvik. Då vart det nyaste skipet til Eidesvikreiarlaget døypt og overlevert. Skipet ber namnet «Oceanic Vega», og skal no ut på eit mange år langt oppdrag. » Les heile saka |
Kultur
Publisert 05.03.2010 - 10:54
«So gale at da gaula»Dei gjorde stor lukke med «Sommargalen i Røyksundkanalen» tidleg på 2000-talet. No går Bømlo revylag attende til røtene og set opp sin første nyskrivne sommarrevy på åtte år. I vinter, kulde og snø sit revylaget i tenkeboksen og skriv sketsjar som skal framførast i midtsommarrevyen «So gale at da gaula». » Les heile saka |
Økonomi/næringsliv
Publisert 05.03.2010 - 10:59
Godt resultat for Eidesvik-reiarlagetPå laurdag la Eidesvik Offshore ASA fram rekneskapen sin for 2009. Resultatet må seiast å vera godt, og ikkje minst avdi marknaden generelt har vore svakare i fjor enn året før. » Les heile saka |
Informasjon
Publisert 22.02.2010 - 13:08
Forseinka avisleveringI dag, måndag 22. februar, har det diverre vorte litt forseinkingar på levering av BØMLO-nytt her i Bømlo kommune. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 03.07.2010 - 19:40
Mange på fotballskuleDenne veka har det vore veldig mange på fotballskulen i Rubbestadneset. » Les heile saka |
Politikk
Publisert 16.02.2010 - 19:20
Utval for areal og samferdsel hadde ulovleg møteRedaktør i BØMLO-nytt, Stein-Erik Ovesen, klagde på det han meinte var ulovleg sakshandsaming i Bømlo kommune, og har no fått medhald hos Fylkesmannen i Hordaland. Fylkesmannen meiner Utval for areal og samferdsel ikkje hadde høve til å skipe til felles lukka gruppemøte 14. oktober i fjor. » Les heile saka |
Økonomi/næringsliv
Publisert 16.02.2010 - 19:22
Slepp å betale 200 millionar kronerFredag avgjorde Høgsterett at norske reiarlag slepp å betale 21 milliardar kroner i skatt for åra 1996-2006. For Eidesvik Offshore ville skatten ha tydd innbetaling av 200 millionar kroner over ti år. - Dette er eigenkapital som me no kan nytte til nyinvesteringar, seier ein glad administrerande direktør Jan Fredrik Meling. » Les heile saka |

post@bomlo-nytt.no



